torsdag 24. november 2011

Korpsseminar, 19. og 20. November

Her er nokre bileter frå November-seminaret til korpset. 
Vi hadde ei kjekk helg med mykje flott musikk og mykje moro. Korpset takkar Laila og Jorun som steppa inn som dirigentar. Og ikkje minst ein stor takk til Sonja som verkeleg har lagt ned ein stor innsats i dette prosjektet!





















søndag 6. november 2011

Julegrantenning og julekonsert


JULEGRANTENNING

Laurdag 26.11.11 kl 13 tenning av julegrana hjå Joker Kyrkjebø
Oppmøte på skulen kl 12 for gjennomspeling.


JULEKONSERT

Søndag 18. desember kl 17 er det julekonsert i Kyrkjebø kyrkje. Kjem meir info seinare om oppmøtetid og antrekk.

Tidsplan for seminaret 19. - 20. November

LAURDAG 19.11.11
            11.00 – 13.00: Øving - grupper
            13:00 – 14.00: Pause m/matservering
            14:00 – ca 15.30: Øving - felles
           
SØNDAG 20.11.11
            11.00 – 13.00: Øving - grupper
            13.00 – 14.00: Pause m/matservering
            14.00 – ca 15.30: Øving - felles


Ber om at alle møter presis og stiller med godt humør og øvingsglede!

Instruktørar vert Sjoerd, Sonja, Laila B og andre gode medhjelparar J


For Styret i KSUK
Anne Merethe