onsdag 25. januar 2012

We Will Rock U!

Kyrkjebø skule- og ungdomskorpset arrangerer ein rocka konsert der repertoaret inneheld ulike sjangrar innan rock, blues og slagerar over fleire ti-år med rolege balladar til meir heavvy innslag.
Hoveudaktørane er medlemmane i korpset og drillen, med nokre medlemmar frå andre korps i kommunen, band, solistar og barneteatergruppa.

Nokre sporty foreldre har teke utfordringa med vokalinnslag. Konserten er sydd saman av vår eminente hjelpedirigent Sonja Aasen Årdal, som har god hjelp av vår faste dirigent Sjoerd Tolsma og innleigd instruktør/støttespelar Laila B. Førde.
Korpset har fått tildelt midlar frå Norges Musikkorps Forbund og Norsk Tipping til Drømmekonserter i første kvartal 2012."


Her er "eventen"/hendinga på Facebook!



tirsdag 17. januar 2012

Korpsseminar - Januar 2012

Her er nokre bileter frå korpsseminaret i januar 2012.




Ungdomsgruppa, med gitaristar i bakgrunnen.

Aud-Aase gjorde ein glimrande versjon av "ku-lokking" på scena

Fisking i Valdres...

Lidun måtte steppe inn som vokalist under seminaret

Guro og Eilen godkjenner musikken til konserten! 


Trude hadde det ekstremt kjekt medan ho venta på å få spele.. ;-) 


Lidun diggar musikken!

"Pose"



Sjoerd hadde full kontroll over alle musikantar


Leiaren studerar notane.

Lidun skil seg ut med den STORE og BLANKE tubaen!

Aud-Aase spelar for harde livet


Tre flinke vokalistar!


Jentene falt pladask for gitargutta! ;-)

 Gitaristane våre rula på scena!

Lidun hadde det kjekt på sminaret og tok seg gjerne tid til å "smile" til fotografen :-)

mandag 9. januar 2012

Seminar, 13. til 15. Januar


"Vårsesongen" er i gang og som dei fleste forhåpentleg har fått med seg har vi også denne sesongen satsa på eit litt større prosjekt, ROCK, som skal munne ut i ein konsert 11. Februar 2012.

Pga prosjektet sin storleik, treng vi ekstra øvingstid og det vart difor fastsett 3 øvingshelgar, ei i september, ei i november og ei no i januar:

TIDSPLAN FOR SEMINARET 13. - 15.JANUAR


FREDAG 13.01.12
            18.30 – 20.30 Øving ”Vaksengruppa”

LAURDAG 14.01.12
            11.00 – 13.00: Øving - grupper
            13:00 – 14.00: Pause m/matservering
            14:00 – ca 15.30: Øving – felles, evt grupper
           
SØNDAG 15.01.12
            11.00 – 13.00: Gjennomkøyring av konsertprogram
            13.00 – 14.00: Pause m/matservering
            14.00 – ca 15.30: Forts. gjennomkøyring

Instruktørar vert Sjoerd, Sonja, Laila B og andre gode medhjelparar.

Ber om at alle møter presis og stiller med godt humør og øvingsglede! Det er viktig at alle møter på seminaret og alle øvingane no fram til konserten!!






Terminplan våren 2012

Godt nyttår til alle korpsmedlemmer! Her er den førebelse terminplanen for våren 2012. Det kan komme endringar underveis.


torsdag 24. november 2011

Korpsseminar, 19. og 20. November

Her er nokre bileter frå November-seminaret til korpset. 
Vi hadde ei kjekk helg med mykje flott musikk og mykje moro. Korpset takkar Laila og Jorun som steppa inn som dirigentar. Og ikkje minst ein stor takk til Sonja som verkeleg har lagt ned ein stor innsats i dette prosjektet!





















søndag 6. november 2011

Julegrantenning og julekonsert


JULEGRANTENNING

Laurdag 26.11.11 kl 13 tenning av julegrana hjå Joker Kyrkjebø
Oppmøte på skulen kl 12 for gjennomspeling.


JULEKONSERT

Søndag 18. desember kl 17 er det julekonsert i Kyrkjebø kyrkje. Kjem meir info seinare om oppmøtetid og antrekk.

Tidsplan for seminaret 19. - 20. November

LAURDAG 19.11.11
            11.00 – 13.00: Øving - grupper
            13:00 – 14.00: Pause m/matservering
            14:00 – ca 15.30: Øving - felles
           
SØNDAG 20.11.11
            11.00 – 13.00: Øving - grupper
            13.00 – 14.00: Pause m/matservering
            14.00 – ca 15.30: Øving - felles


Ber om at alle møter presis og stiller med godt humør og øvingsglede!

Instruktørar vert Sjoerd, Sonja, Laila B og andre gode medhjelparar J


For Styret i KSUK
Anne Merethe